Klart for nye liveshow i Lærdal

Beatles-revivalbandet “Twist & Shout”.

I august og september kan du oppleve liveshow med musikk frå The Beatles og musikalar som Cats, Les Miserables og Grease i Lærdal.

Lærdal Ferie- og Fritidspark arrangerar i samarbeid med Stars in Concert frå Berlin ei rekkje show og musikalar på seinsommaren.

Forestillingane foregår i ferieparken som ligg på Lærdalsøyri, berre 10 minutt spasertur frå Lindstrøm Hotel.

All you need is love

4.-6. august kjem Beatles revivalbandet “Twist & Shout” frå Las Vegas til Lærdal med forestillinga “All you need is love”.

Musikalen fortel historia til bandet, frå den musikalske starten til deira siste konsert på taket på eit forretningsbygg i London.

Les meir om arrangementet

Musikkgallaen “It’s all Musical” kjem til Lærdal.

Musikkgallaen “It’s all Musical”

På dette showet som går 22.-24. september, blir alle dei musikalske høgdepunkta frå dei mest kjende musikalana samla.

Opplev dei beste låtane frå ”Cats”, ”Starlight Express”, ”Grease”, ”Les Miserables”, ”Phantom of the Opera”, ”Hair”, ”Jesus Christ Superstar”, ”Dirty Dancing”, ”Mamma Mia”, ”Saturday Night Fever”, ”Beauty and the Beast” og ”Dance of the Vampires”.

Det heile blir framførd av profesjonelle musikalske skodespelarar.

Les meir om arrangementet

Overnatting på showkvelden?

Treng du plass å bu, har Lindstrøm Hotel ledig overnatting berre 10 minutt gange frå showscena. Vi gler oss!

Gasta Design