Då var sesongen over for denne gong

Etter ein kjekk sommar med mykje besøk, stenger Lindstrøm Hotel for sesongen.

Kvart år held Lindstrøm Hotel ope i høgsesongen mai til september.

Gjennom desse månadane tek hotellet imot turistar frå både innland og utland, og sørgjer for at dei får sjå det beste Lærdal og Sogn har å tilby.

– Det har vore ein kjekk sommar, seier Knut Lindstrøm.

– Vi har hatt mange gjestar på besøk og det har vore travelt, akkurat slik det skal vere i ein høgsesong. Sjølv om ein merker at besøket frå utlandet ikkje er heilt tilbake til det nivået ein såg før pandemien. Vi seier oss likevel godt fornøgde med sesongen!

No gler vertskapet seg til ein liten pause etter ein hektisk sommar, og er klare for å ta imot nye gjestar når neste høgsesong går i gang.

Hjarteleg velkomen tilbake i mai 2023!

Gasta Design