Miljø og berekraft

På Lindstrøm Hotel er vi opptekne av miljøet, og gjer så godt vi kan for å bidra til ei positiv endring. På denne sida kan du lese om forpliktingane våre og sjå noko av arbeidet vi har gjort så langt.

 
image-asset.jpg
 
 

De Historiske

Vi er medlem av De historiske, som vil ta vare på Norges unike natur- og kulturverdier. De Historiske er sertifisert Miljøfyrtårn, og har bidrege til og signert «Veikart fra Reiselivsnæringen i Norge».

 

Mijøfyrtårn

Allereie i 2012 blei vi sertifisert Miljøfyrtårn. Målet med ordninga er å gjere grøn omstilling konkret og effektiv, og det er spennande å sjå i miljørapporten at CO2-utsleppet vårt blir redusert år for år.

 

Berekraftig Reisemål

Vi er stolte av å vere merka som Berekraftig Reisemål. Eit kvalitetsmerke for destinasjonar som jobbar systematisk over tid for å redusere reiselivet si påverking på miljø, natur og lokalsamfunn.

 

Servering av lokale råvarer

Når det kjem til innkjøp av råvarer, prøver vi å ta miljøbevisste val. Vi får mellom anna levert grønsaker frå lokale gardar om sommaren. Vi jobbar óg med å bevisstgjere gjestane våre ved å oppmode dei til å kaste minst mogleg mat.

Kvalitetsmøblar som varer

Vi kjøper kvalitetsmøblar som skal vare i mange år. Når møblane begynner å bli slitt, pussar vi dei opp og ordnar dei framfor å kjøpe nye. Vi brukar også å trekkje om stoffet på stolar og sofaer. Gjenbruk er viktig for oss. Bildet viser Y-stolen til Hans Wegner i matsalen, som har vore hjå oss siadan 1968.

Eigen elbil-ladar på hotellet

Det er gode moglegheiter for å lade elbilen mens du er på besøk hjå oss. Vi har eigen elbil-ladar i bakgarden til hotellet, i tillegg til at det finst offentlege ladarar ca 100 meter unna.

Les meir om elbil-lading på hotellet

Energieffektivisering våren 2024

Våren 2024 blei fasaden modernisert med nye vindauge. Dette har vore eitt av to prioriterte tiltak for å betre energibruken på hotellet.

 

 Reis til oss med kollektivtransport

Det finst gode løysingar for å reise til oss med offentleg transport. Det går mellom anna buss frå både Bergen og Oslo som stoppar på Lærdalsøyri.

For oversikt over offentleg transport, sjå Entur.no

 
 

Relaterte artiklar