Byter vindauge på hotellet: – Eit viktig energitiltak

Hotellet blir meir energieffektivt og klargjerast for høgsesongen.

Reiser ein forbi Lindstrøm Hotel i desse dagar, vil ein sjå at deler av bygga er dekka av stillas. Her blir det jobba for å byte ut gamle vindauge med nye.

Til saman er det snakk om omtrent 160 nye vindauge som skal vere klare før hotellet opnar for sesongen i mai.

– Vi er opptekne av miljøet her på hotellet, og ønskjer å bidra med det vi kan. Som ledd i dette arbeidet, byter vi no vindauge på hotellet, fortel Knut Lindstrøm.

– Førre gong vi gjorde ei evaluering blei nye vindauge trekt fram som eitt av to prioriterte tiltak for å betre energibruken vår. Så no er vi i gang!

Hotellet har vore sertifisert Miljøfyrtårn sidan 2012.

– Det er spennande å sjå i den årlege miljørapporten vår at CO2-utsleppet vårt reduseres for kvart år som går. No gler vi oss til å sjå kva effekt dette tiltaket får framover!

Les også: Miljøfyrtårn sidan 2012

Knut Lindstørm viser fram Miljøfyrtårn-sertifiseringa frå 2012.

Stillasa vitnar om at det er ting på gang på hotellet.

Gasta DesignBerekraft