Helgetur til Lærdal: Dei beste tipsa våre

Frå Lindstrøm Hotel rekk du å oppleve mykje på ei helg.

Vi gler oss til mai, mildvær og vår. Sognefjordsområdet er sjeldan vakrare enn på akkurat denne tida.

I 2024 er det óg ekstra mange fridager, med nokre gode moglegheiter for langhelger i mai.

Lindstrøm Hotel er eit godt utgangspunkt for å sjå dei mange populære attraksjonane i denne delen av Sogn. Og du rekk faktisk fleire av dei på ei helg!

I smørøyet av Lærdal og Sognefjorden

Hotellet ligg idyllisk til på Gamle Lærdalsøyri i Lærdal, kor du kan vandre mellom vakre pastellfarga trehus og handle i sjarmerande småbutikkar.

Lærdalselva renn rett forbi, og du kan besøke Nasjonalt Villakssenter berre 100 meter frå hotellet.

Allereie no kan du booke ei helg hjå oss - me opnar for overnatting frå 1. mai.

Vår nydelege sveitsarbygning frå 1800-talet.

Hovudbygget frå 1980-tallet.

I nærområdet

Med ein liten biltur når du Borgund Stavkyrkje på berre 20 minutt. Dette er Noregs best bevarte kyrkje av sitt slag.

Like ved kyrkja ligg Vindhella, den aller flottaste delen av Kongevegen.

Ei kort reise unna

Om du vil utforske meir av det Sogn har å tilby, finn du både Sognefjorden og den populære turstien Aurlandsdalen innan kort reisetid.

Ikkje minst ligg Flåm, med alle sine aktivitetar og attraksjonar, berre ein dryg halvtime unna.

 

Noko av det du kan sjå på ei helg:

Gasta Design