| Attraksjonar |
|
|
|
|
Lærdal I den trange og lange Lærdalsdalen bur det ca. 2200 innbyggjarar. Den viktigaste næringsvegen er i dag landbruk. Dette har samanhang med at dalen er frodig, men samtidig tørr, ca. 400 mm nedbør i året. Langt inn i dette århundret var vegen over Lærdal den einaste heilårsåpne vegen mellom Austlandet og Vestlandet. Lærdal er også i dag eit knutepunkt for samferdsel mellom aust og vest og også nord/sør. Verdas lengste vegtunnel, Lærdalstunnelen som er 24 km lang, går frå Lærdal til Aurland. Hovudvegen i Lærdal frå ca. 1100 til 1792 var Sverrestigen. Den hadde eit spyds-bredde som det vart bestemt i 1272. Sognefjorden Den majestetiske Sognefjorden er kongen av alle fjordar. Fjorden er 200 km lang og er på det djupaste 1300 meter. Fjorden er faktisk like djup som fjella kring fjorden er høge. Borgund Stavkyrkje Borgund Stavkyrkje er bygd ca. 1150 og er vigsla apostelen Andreas. Kyrkja er godt bevart og er den mest typiske av norske stavkyrkjer. Borgund Stavkyrkje
![]() Borgund Stavkyrkje Gamle Lærdalsøyri Ved sidan av hotellet ligg verneområdet Gamle Lærdalsøyri som består av ca. 160 bygningar frå 1700- og 1800 talet. Heilskaplege bygningsmiljø som Gamle Lærdalsøyri, i stadeigen byggeskikk, er no unikt i Vest-Noreg. Allereie i byrjinga av 1600 talet budde det menneske på Gamle Lærdalsøyri. Lokalt kart over Lærdal sentrum
Snøvegen mellom fjordane Norsk Villakssenter ligg ved Lærdalselva - berre 100 meter frå Lindstrøm Hotel! Her får du læra om livshistoria til atlanterhavslaksen og tradisjonane kring laksefisket.
|
Attraksjonar





