Miljøfyrtårn sidan 2012

Vi er stolte over å kunne sei at vi er Miljøfyrtårn og har vore det sidan 2012.

Vi er sjølv oppteken av miljøet og gjer så godt vi kan for å bidra til ei positiv endring. I 2012 fekk vi eit tilbod om å sertifisere oss som vi takka ja til. I april hadde vi vår tredje resertifisering.

Miljøfyrtårn.jpg

Vi prøver å vere mest mogeleg miljøbevisst og kjøper mellom anna kvalitetsmøblar som skal vare i mange år. Når møblane begynner å bli slitt pussar vi dei opp og ordnar møblane framfor å kjøpe nye. Vi brukar også å trekkje om stoffet på stolar og sofaer. I haust innreidde vi vår nye spisesal med gamle møblar. Gjenbruk er viktig for oss.

Når det kjem til innkjøp av råvarer prøver vi å ta miljøbevisste val og får mellom anna levert grønsaker frå lokale garder om sommaren. Vi jobbar også med å bevisstgjere gjestane våre ved å mellom anna oppfordre dei til å kaste minst mogeleg mat.

Vi er veldig fornøgd med å vere sertifisert og synast det er spennande å sjå i miljørapporten at vårt CO2-utslepp reduseres for kvart år.

Gasta DesignBerekraft