Om Lindstrøm Hotel

Lindstrøm Hotel ligg idyllisk til på Gamle Lærdalsøyri i Lærdal, mellom vakre pastellfarga trehus. Vi held ope frå mai til september.

 
 
Vertsskapet Britt og Knut.jpg

Vertskapet Britt og Knut

På Lindstrøm Hotel vil du garantert møte på vertsskapet Britt Isdal og Knut Lindstrøm. Dei byr på seg sjølve og fortel deg gjerne ei historie om hotellet. Knut er femte generasjons Lindstrøm og har drive hotellet saman med Britt sidan 1991.

 
 

Frå nasjonalromantikk til skandinavisk design

Lindstrøm Hotel har i alt fem ulike bygningar, der nyaste er frå 1985 og eldste er ein nydeleg sveitsarbygning frå 1800-talet. Eksteriør- og interiørmessig spenner hotellet frå nasjonalromantikk til moderne, skandinavisk design med innslag frå designarar som Alvar Aalto, Hans Wegner, Arne Jacobsen, Hans Brattrud og Torbjørn Afdal. Hotellet har tre generasjoner med Lindstrøm-arkitektar som har vore involvert i innreiinga og satt sitt preg på hotellet. Dette har gitt hotellet gode kvaliteter og ein unik stil som varierer frå rom til rom.

Våre gjester kjem frå alle delar av verden. Dei fyrste turistane som kom, var engelske laksefiskarar og kongelege frå Europa. Prins Axel av Danmark var den som kom oftast og har fått kalla opp ein av bygningane våre etter seg: «Prins Axels hytte».

Bli med å oppleve Lindstrøm Hotel - der gamal og ny historie møtest.

 
 
 

Sjå video frå hotellet

 
 
 
Soverom i Lindstrom 1899.jpg

Lindstrøm 1899

Dette er eit av våre eldste bygg, kalla «Nybu». Bygget vart fort populært blant dei engelske lakseentusiastane som kom til Lærdal for å fiske. Alle romma er ulike og unike. Skandinavisk design møter 1800-talet, med fargar og møbel som spelar fint saman. Noko av møblementet er originalt, medan noko har kome til undervegs.

Finn roen og føl deg som heime.

 

Der gamal og nyare historie møtest

Lindstrøm Hotel er ein miks av gamal og ny stilart. Vi lar design frå 1800-talet leike seg med nyare, skandinavisk design. Opplev nydelege, klassiske tapetar i eit rom og moderne designmøblar i eit anna.