Ein dagstur til fantastiske Flåm

Foto: Visit Norway/Øyvind Heen, Fjords.com

Drøymer du om å oppleve ein av verdas vakreste togeiser? Eller sjå bratte fjell som stuper ned i ein verdsarvfjord?

Ein halvtimes køyretur frå Lærdal finn du nabobygda vår, Flåm. Med postkortmotiv i fleng, får du garantert ei minnerik oppleving.

For liten og stor

Med eit breitt tilbod av aktivitetar for heile familien, kan du velje fra øvste hylle.

Flåmsbana serverer deg eit av landets mest populære turistattraksjoner, som ved fleire høve har blitt kåra til verdas beste togreise.

Ute etter fart og spenning?

Ein fartsfylt fjordtur med RIB-båt gjennom storslått og urørt verdsarvnatur kan vere aktiviteten for deg. Med FjordTours får du oppleve den imponerande Nærøyfjorden på nært hald.

Foto: Visit Norway/ Vidar Moløkken

Skandinavia si lengste zipline er også eit godt alternativ for den fartsglade. Med sine 1381 meter, ein toppfart på omlag 100 km/t og ein høgdeskilnad på 305 meter er Flåm Zipline verdt eit besøk.

Stille flyt

The Fjords sine heilelektrisk cruisebåter tek deg med på Noreg sine vakreste fjordar, med god samvit. Lydlaust, røykfritt og vibrasjonfritt kan du nyte den verdsarven frå stille fjord.

Foto: Visit Norway/Sverre Hjørnevik

Gasta Design