Nytt padletilbod på Lærdalsfjorden

Lærdalsøyri sett frå fjorden. Foto: Vegard Aasen/VERI Media

Opplev området kring hotellet frå kajakk, med hjelp av erfarne guidar.

Like ved hotellet ligg vakre Lærdalsfjorden. Fjordarmen på om lag 9 kilometer er ein del av Sognefjorden, Noregs lengste og djupaste fjord.

No kan du melde deg på ein halvdags padletur med den lokale aktivitetsleverandøren Bulder & Brak Opplevingar. Du får med deg erfarne guidar, og får verkeleg inntrykk av kontrasten mellom fjorden og dei stupbratte fjellsidene omkring.

Ei flott oppleving for deg som bur på Lindstrøm Hotel, som vi absolutt anbefaler.

Padleturen kan bestillast kvar dag i perioden april til oktober. Turen tek om lag 3 timar.

Gasta Design