Jubileumsshow i Lærdal i mai

Artistane hyller kjende stjerner som Boney M. Foto: Estrel Sic.

I mai kan du oppleve musikk frå Boney M, Michael Jackson, Madonna og Tina Turner i Lærdal.

I år fyller naboen vår, Lærdal Ferie- og Fritidspark, 30 år! Det blir feira med eit stjernespekka liveshow frå Stars in Concert, fredag 12. mai og laurdag 13. mai.

Showet samlar ei liste artistar som hyller kjende legender som Boney M, Aretha Franklin, Madonna, Robbie Williams, Michael Jackson og Tina Turner.

Med seg har dei dansarar og liveband med dyktige musikarar. Stjernene og låtane deira blir gjenskapt med forbløffande likheit!

Det anerkjende showet frå produsent Bernhard Kurz har mellom anna vunne fleire prisar som beste Tribute Show i Las Vegas.

Forestillingen foregår i ferieparken som ligg på Lærdalsøyri, berre 10 minutt spasertur frå Lindstrøm Hotel.

Kjøp billett via Lærdal Ferie- og Fritidspark

Treng du plass å bu denne helga? Vi har ledige rom på hotellet.

Gasta Design