Få med deg årets Lærdalsmarknad
Helga 16.-18. juni blir det liv og røre rundt hotellet på Lærdalsøyri.
Lærdalsmarknaden er ein av Noregs eldste handelsmarknader.
Under marknaden kan du spasere mellom historiske trehus, medan du smakar på heimelaga lokalmat og sjølvdyrka frukt og grønt.
Det blir utstillingar frå lokale forhandlarar innan alt frå husflid, antikk, mat og verktøy. I tillegg til eit heilt program underhaldning, som konsertar, føredrag, dans og reparasjonsverkstad.
Vi har framleis ledige hotellrom denne helga. Sjåast vi der?