Dette skjer rundt oss i sommar

Her er nokre av våre anbefalingar.

Ute etter ei full oversikt over aktivitetar? Vi har satt saman ei lengre liste med attraksjonar i nærleiken.

 
 

Guida tettstadvandring

Lindstrøm Hotel ligg sentralt plassert mellom pastellfarga trehus på Lærdalsøyri.

Visit Kongevegen arrangerer guida tettstadvandring kor du får lære meir om historia til den gamle strandsitjar- og handelsstaden. Turen tek om lag 45-60 minutt.

 
 

Borgund stavkyrkje og Vindhella

Vi anbefaler å ta turen til Borgund, berre 20 minutt frå hotellet. Her ligg Noregs mest særmerkte stavkyrkje og den flottaste delen av Kongevegen over Filefjell, Vindhella. Du kan oppleve begge deler medan du er der, og velje mellom å gå på eiga hand eller med guide.

 

Flåmsbana. Foto: Visit Norway/Øyvind Heen, Fjords.com

 

Dagstur til Flåm

Ein dryg halvtime frå hotellet, ligg berømte Flåm. Kva med å ta ein dagstur?

Her er det flust i aktivitetar, og me kan nemne Flåmsbana, zipline, Stegastein og Fjord Cruise Nærøyfjord.

 
 

Nyheit: Padletur på Lærdalsfjorden

Den lokale turarrangøren Bulder & Brak tilbyr frå 2023 guida kajakktur på fjorden rett ved hotellet. Opplev kontrastane mellom fjorden og dei stupbratte fjellsidene omkring. Du får innføring i grunnleggande padleteknikk og samtidig lære om Sognefjorden. Anbefalast!

 
 

Norsk Villakssenter med ny utstilling

Er du ute etter noko i nærleiken, kan vi anbefale Norsk Villakssenter. Det ligg berre 100 meter frå hotellet.

Dei opna med splitter nye utstillingar 15. juni 2023, og tek i bruk film, lyd, interaktive skjermar og projiseringar for å lære store og små om livet til villaksen.


Ikkje heilt det du såg etter?

Vi har satt saman ei meir eller mindre komplett liste over aktivitetar og attraksjoner i nærområdet.

Gasta Design