Bli med på motbakkeløp i Lærdal

Ruta til Storehaugen Opp i Lærdal 26. mai. Foto: Jan Christian Jerving/Storehaugen Opp.

På Kristi Himmelfartsdag 26. mai blir motbakkeløpet Storehaugen Opp arrangert i Lærdal for 12. gang.

Etter to år med alternativt løp er det klart for folkefest i Lærdal når motbakkeløpet Storehaugen Opp går av stabelen torsdag 26. mai.

Dette er 12. gangen løpet blir arrangert, til stor glede for både lokale og tilreisande mosjonistar.

Motbakkeløp på 900 høgdemeter

I motbakkeløpet får ein teste seg på dei om lag 900 høgdemetrane frå Sviggum (15 m.o.h.) til toppen av Storehaugen (908 m.o.h.).

Det er både konkurranseklasse med tidtaking og mosjonsklasse utan tidtaking denne dagen. Dermed passar turen like godt for store og små.

Påmeldinga er opna

Allereie no kan du melde deg på Storehaugen Opp. Vi reknar med at nokre av våre gjestar er spreke nok til å ta utfordringa!

Treng du overnatting, har vi framleis ledige rom desse dagane. Sjå ledige rom på vår bookingside.

Vi gler oss til folkefest i Lærdal 26. mai!

Gasta Design