Køyre nasjonale turistvegar i sommar?

Tre av dei nasjonale turistvegane ligg kring Lindstrøm Hotel. Perfekt for deg som ønskjer ein lengre tur med bil etter motorsykkel i sommar.

Dei 18 nasjonale turistvegane er køyreturar gjennom vakker norsk natur, med tilrettelagde utsiktspunkt og rasteplassar undervegs.

Med Lindstrøm Hotel som start- eller sluttpunkt, kan du ta turen over tre av dei flotte turistvegane: Aurlandsfjellet, Sognefjellet og Gaularfjellet.

 

Vegen over flotte Sognefjellet. Foto: Endre Knudsen/Visit Norway

 

Noregs høgaste fjellovergang

På veg til eller frå Lindstrøm Hotel kan du reise overSognefjellet, Noregs høgaste fjellovergang. Partiet tek deg frå kulturlandskapet i Lom over fjellet til Luster og Gaupne inst i Sognefjorden.

Eller du kan køyre turen frå fjord til fjord over høgfjella på Aurlandsfjellet. Her er utsikta over Aurlandsfjorden frå Stegastein det store høgdepunktet.

 

Stegastein utsiktspunkt på Aurlandsfjellet. Foto: Sverre Hjørnevik/Fjord Norway

 

Populær rundtur over Gaularfjellet

Ein populær rundtur frå Lindstrøm Hotel er ruta Lærdal - Hella - Dragsvik - Gaularfjellet - Moskog og tilbake via Skei.

Denne ruta har mange flotte opplevingar undervegs, som den populære Utsikten på Gaularfjellet. Ein køyrer óg forbi bokbyen Fjærland - ein liten tettstad med flust av brukthandlar og over 150.000 brukte bøker.

 

Utsiktspunktet på Gaularfjellet, 700 m.o.h. Foto: Magnus Furset/Fjord Norway

Klar for å oppleve dei nasjonale turistvegane i sommar?

Me hjelper deg gjerne med å planlegge opplevingar medan du bur hjå oss. Sjå våre ledige rom eller ta kontakt for ein prat.

 
Gasta Design