Lindstrøm Hotel er nytt medlem av De Historiske

– Dei er veldig gode på den norske marknaden, og det er alfa omega for tida.

I 2021 var det 33 hotell som ynskte å bli medlem i De Historiske Hotel & Spisesteder, men berre fem kom gjennom nålauget.

For eit familiedrive hotell som Lindstrøm, er det stor stas å bli medlem.

– Me har jo vore aktive søkjarar av denne medlemskapen etter at koronaen oppstod, vonleg som eit godt tiltak for å få meir norsk trafikk, seier innehavar Knut Lindstrøm til Sogn Avis.

 

Britt og Knut Lindstrøm håpar mange norske turistar tek turen til hotellet.

 

Lindstrøm legg til:

– Det som var bakgrunnen vår for å søkja, var altså først og fremst at dei er veldig gode på den norske marknaden, og det er alfa omega for tida.

Unik medlemsorganisasjon

De Historiske Hotel & Spisestede består av mange av Noregs mest særmerkte overnattings- og serveringsstadar.

Ifølge nettsidene deira er det i dag 66 hoteller, 22 serveringsstadar og 2 båtar som er medlem av gruppa.

Å bli medlem krev “et bevisst forhold til vertskapsrollen, der historiefortelling danner rammen for opplevelsene innen overnatting og gastronomi”.

I godt selskap

Lindstrøm Hotel er i godt selskap, saman med dei fire andre nye medlemmane:

– Vi gler oss over medlemskapet og håpar mange norske gjestar vil ta turen for å sjå kva vi kan by på, fortel Lindstrøm.

Lindstrøm Hotel har mange stuar og opphaldsrom i dei ulike bygningane. Hotellet er fullt av historie.

Hotellet har tre generasjoner med Lindstrøm-arkitektar som har vore involvert i innreiinga og satt sitt preg på hotellet. Dette har gitt ein unik stil som varierer frå rom til rom.

Gasta Design