Borgund Stavkyrkje er opna for i år

Borgund Stavkyrkje, bygd i 1180. Foto: Håkon Li

Kvart år er det mange av gjestane våre som legg turen til Borgund Stavkyrkje.

Det er kanskje ikkje så rart, når ein slipp unna med ein liten køyretur på berre 20 minutt for å oppleve den mest særmerkte av dei norske stavkyrkjene.

Borgund Stavkyrkje er bygd kring år 1180 og er svært godt bevart. Kyrkja er vigsla til apostelen Andreas.

I samband med kyrkja finn du óg eit besøkssenter, med utstillingar, kafé og suvenirbutikk.

Like ved stavkyrkja ligg Vindhellavegen, den vakreste delen av Kongevegen over Filefjell. Vegstrekninga fekk i 2014 tildelt Vakre vegars pris. Perfekt for ein liten spasertur mens du er på besøk - god tur!

Vindhellavegen i Borgund. Foto: Visit Norge

Gasta Design