Lindstrøm Hotel

Lindstrøm Hotel

6887 Lærdal

Servering

Buffet middag er ein tradisjonsrik måte å servere på i Sognefjorden. Buffeten har varme og kalde rettar. Dei kalde rettane er fisk i ulike variantar som dei tradisjonelle røykelaks og gravlaks til grava uer og hai. Det er ca. 10-15 ulike kalde fiskeanretningar. I tillegg kjem kjøttanretningar, salatar og brød.

Buffet
Buffet

Ein svært viktig del av buffeten er dessertane, heimelaga kaker, heimelaga puddingar, frukt, ost og kjeks. Buffeten har også ein varm mat del. 2-3 kjøttrettar og 1-2 fiskerettar.

FROKOST: Vår frokostbuffet er open frå 07.00 til 09.00.
MIDDAG: Vår middagsbuffet vert servert frå 19.00 til 20.30.
LUNCH: På forespørsel

Buffet
Buffet