Lindstrøm Hotel

Lindstrøm Hotel

6887 Lærdal

Om Lindstrøm Hotel

Lindstrøm i Lærdal
Lindstrøm Hotel vart etablert i 1845 og det er same familie som er eigarar og drivarar idag. Vertskapet idag er Britt Isdal og Knut Lindstrøm som er femte generasjons drivarar. Opphaveleg dreiv familien Lindstrøm kaiekspedisjon, daglegvareforretning, bokhandel og hotel.

Hotel Lindstrøm - Anneks
Hotel Lindstrøm – Anneks

Lindstrøm Hotel har ialt 5 ulike bygningar med plass til 165 gjester. Den yngste ifrå 1985 og den eldste i sveitserstil frå 1800. Eksteriør og interiørmessig spenner hotellet frå nasjonalromantikk til moderne design.

Våre gjester som kjem frå alle delar av verden er turistar i hovedsak. Dei fyrste turistande som kom var engelske laksefiskarar og kongelege frå heile Europa. Prins Axel av Danmark var den som kom oftast og den dag idag heiter ein av bygningane våre » Prins Axels hytte»

I dag kjem turistar for å sjå den imponerande naturen og særleg oppleva Sognefjorden og Nærøyfjorden. I nærleiken av Lindstrøm hotell finn ein og Gamle Lærdalsøyri, 160 verna bygningar og Norsk Villakssenter. Borgund Stavkyrke, Flåmsbana og Snøvegen mellom fjordane er og nær.

Vi ynskjer deg velkomen til venleg service og god mat.

Lærdalsøyri
Lærdalsøyri