Lindstrøm Hotel

Lindstrøm Hotel

6887 Lærdal

Klima

Fire årstider ved fjorden
Fjordlandskapet er vakkert til alle årstider, og Aurland, Flåm og Lærdal er eit lett tilgjengeleg reisemål året rundt. Du kan koma hit med tog, ekspressbuss eller eigen bil, og rundturen Norway in a Nutshell går heile året. Dei fleste turistane kjem i sommarhalvåret, men du er velkommen til å slå følgje med dei stadig fleire som no ønskjer å oppleva også dei andre årstidene her.

Aurlandsfjorden
Aurlandsfjorden

Våren er vill og vakker. Dette er årstida med dei største kontrastane, og mange ser på våren som den vakraste årstida. Kjem du til oss i april – mai, er fjella framleis snødekte. Det er store fossar, og nede ved fjorden er det grøne marker og frukttre i blomst. Frå 1. mai kan du kan du ta verdas vakraste ferjetur mellom Lærdal og Gudvangen og oppleva Nærøyfjorden i vårdrakt.

Ei båtreise frå Gudvangen til Flåm på Nærøyfjorden eller ein tur med Flåmsbana er særleg spennande om vinteren når fjella er snøkledde og fossane er frosne. Sjølv om veret kan vera vekslande, er utsikta nesten alltid god. Ein tur ut på båtdekket er ei frisk oppleving!

Om hausten lokkar fjellet med vakre haustfargar, blåbær og tyttebær. Dette er ei flott årstid for fotturar i fjellet. Lufta er klar og det er god utsikt, men hugs gode klede, for det er regnversdagar innimellom. Hausten er og årstida for å innhausting av morellar, eple, pærer og plommer.

Aurlandsfjorden
Aurlandsfjorden