Lindstrøm Hotel

Lindstrøm Hotel

6887 Lærdal

6 anbefalte attraksjonar

LÆRDAL-GUDVANGEN ; VERDAS VAKRASTE FJORDCRUISE
Båttur på vakre Nærøyfjorden – På UNESCO si verdsarvliste. Fjordcruise on the Nærøyfjord; Lærdal – Gudvangen
Sesong 1 mai – 30 september. I mai og sept er det passasjerbåt; ein avgang
dagleg – Frå Lærdal 08.30. I Juni/Juli/aug er det bilferje : 3 avganger dagleg; Frå Lærdal 08.30, 11.10,
15.05. Billettar på turistinformasjon eller om bord.
-Kaupanger – Gudvangen. Cruise med bilferje på Nærøyfjorden – UNESCO
Fjord Safari
Fjord Safari

FLÅMSBANA
Opplev Flåmsbana – ei utruleg togreise mellom høgfjellstasjonen Myrdal på
Bergensbanen ned til Flåm stasjon heilt innerst i Aurlandsfjorden. Avgangar på Flåmsbana er frå 4
daglege avgangar oktober-april til 10 daglege avganger mai-september.For å lære meir om
Flåmsbana si historie anbefaler me eit besøk ved Flåmsbana Museet. Ope heile året.
-www.flaamsbana.no
Flaamsbana
Flåmsbana

BORGUND STAVKYRKJE (1180) MED NY UTSTILLING «UNIKE VIKINGFUNN»
Borgund stavkyrkje er bygd kring år 1180. Kyrkja er svært godt bevart, og den mest særmerkte av dei norske stavkyrkjene. Opningstider 1 mai – 30 sept; Dagleg buss frå Lærdal via Håbakken til Borgund Stavkyrkje: Frå Lærdal 12.25 ank. Borgund stavkyrkje 13.00. Frå Borgund stavkyrkje 14.38, til Lærdal 15.25.
-www.stavechurch.com

AURLANDSVEGEN MED UTSIKTSPUNKT STEGASTEIN
Fjellvegen mellom Aurland og Lærdal – Aurlandsvegen – FV 243 er open for biltrafikk frå ca. 1/6 til 15/10. Frå Aurland til utsiktspunktet, Stegastein, er vegen open heile året. Vegen har fått tilnamnet «Snøvegen» p.g.a. at ein ser snø langs vegen mesteparten av sommarmånadene. Avstand Aurland-Lærdal er 48 km. Høgste punktet på vegen ligg 1306 m.o.h. med flotte utsiktspunkt. Vegen er kandidat til nasjonal turistveg.
-www.nasjonaleturistveger.no
Stegastein
Stegastein

VANDRING; LÆRDAL HISTORISK RUTE & AURLANDSDALEN
Historisk Rute; Borgund stavkyrkje ligg midt mellom Vindhellavegen og Sverrrestigen; Start rundturen frå kyrkja og du får ein kjempeflott vandring på hisotriske vegar på 2 timar. Aurlandsdalen; Østebø-Vassbygdi Fotturløype på 6 timar gjennom trongt villvakkert dalføre til Vassbygdi.

JOSTEDALSBREEN
– brevandring, familieturar, blåisturar og Breheimsenter.
-www.jostedal.com
Breheimssenteret
Breheimssenteret